Familievennlige fjellturer i Myrkdalen

Fjelltur med born

Fjelltur er ein perfekt familieaktivitet og området rundt Myrkdalen byr på varierte fjell- og toppturar for alle aldrar.

Om sommaren går stolheisen frå byrjinga av juli til slutten av august , så du kan koma deg kjapt og enkelt til fjells. 

Fjelltur frå Myrkdalen Hotel

Barn i Myrkdalen
Frå toppen av Myrkdalsekspressen

Myrkdalen Hotel er eit ypparleg utgangspunkt for ulike dagsturar. For dei minste anbefalar me å gå stien frå Helgatun til Fjellstova Vetlebotn - her er ein kjekk natursti heile sommaren, med varierte spørsmål som heile familien kan bryna seg på. Ved den nye fjellstova er det tilrettelagt for leik og aktivitetar utandørs, og onsdag - sundag i juli og august kan ein kjøpa både iskrem, bakevarer og tradisjonelle middagsrettar.

Ein annan fin fjelltur for borna er til Mørkvestølen, som ligg fint til ved ei lita elv og med vakker utsikt mot Myrkdalsvatnet. Frå Mørkvestølen kan ein gå vidare opp til idylliske Svortetjødn som byr på eit forfriskande bad på varme sommardagar. 

Av toppturar er Svolefjell, Bjørndalskamben og Finnbunuten dei næraste fjella i området og alle turane kan ein gå med utgangspunkt frå Myrkdalen Hotel. Finnbunuten er fjellet som ligg over skisenteret og den mest vanlege vegen opp er langs Kari Traa-trekket og vidare langs ryggen til toppen. På klårversdagar har ein flott utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna.

Bestill hotellovernatting - sjå tilgjengelege rom og prisar her

Ta stolheisen til fjells

Sommarheis i Myrkdalen
Ta heisen til fjells med borna i sommar! 

Hopp på heisen rett utanfor Myrkdalen Hotel i juli og august! Myrkdalsekspressen fraktar deg 400 høgdemeter - kjapt og enkelt til fjells. 

Ved å ta stolheisen har du ein ypparleg moglegheit til å nå fleire av turmåla i Myrkdalen!

 

Vikafjellet og Stølsheimen

Vandring i Myrkdalen
Vikafjellet er ein kort køyretur unna. Her finn du eit stort stinettverk i vakkert høgfjellsterreng! 

Vikafjellet er inngangsporten til Stølsheimen, fjellområdet som strekk seg mellom Sognefjorden, Vossafjella og Masfjordfjella. Frå gamalt av har stølstdrift vore den viktigaste bruken av fjellområdet og over 40 stølar er registrert i Stølsheimen. Dette området byr på grønt og frodig landskap og nydeleg høgfjellsterreng, og her finn du mange fine fjellturer for barn og vaksne. 

Er du ute etter ein fin dagstur med familien på Vikafjellet - anbefalar me det barnevenlege terrenget inn Sendedalen. Stien langsmed dei fire fjellvatna er perfekt for små barneføter. I lettgått og kupert terreng kan de velgja kor langt de vil gå innover, og bading på dei små naturlege strendene er opplagt på varme sommardagar.