Hytter og leiligheter i Myrkdalen Fjellandsby

Nøkkelhotell

I dag er det 650 fritidsbustader i Myrkdalen Fjellandsby og det er stor pågang for inn- og utlevering av nøklar i resepsjonen på Myrkdalen Hotel. Etterkvart som destinasjonen har blitt større, har det også meldt seg eit behov for å setja nøkkelutlevering i system. Det er gunstig for både deg som eigar av fritidsbustad hjå oss, og for dei tilsette på Myrkdalen Hotel, at me etablerer eit trygt system for utlevering og oppbevaring av nøklane. 

For å oppbevara nøkkel på Myrkdalen Hotel har du no tre val: 

1. Utleige av fritidsbustad gjennom Myrkdalen Hotel. 
Via Myrkdalen Hotel er du sikra eit profesjonelt sals- og marknadsapparat, handtering av inn- og utsjekk og reingjering. Som eigar treng du ikkje tenkja på noko – me tek oss av alt av kontraktar, betaling og andre utfordringar som måtte oppstå. Du mottek avrekning frå oss ein gong i månaden og det skal vera enkelt og trygt å leiga ut via oss. Leiger du ut via Myrkdalen Hotel har du automatisk nøkkelhotell hjå oss. 

2. Nøkkelhotell – Kr 2500,- i året
Her kan kun eigarar og handtverkarar e.l. som skal utføra arbeid eller vedlikehald på eininga henta ut nøklar. Det må meldast inn til Myrkdalen Hotel på førehand at det skal utførast arbeid på eininga, og kven som skal hente.

Nøkkel kan hentast i vekedagane på dagtid (kl. 08.00 – 16.00) i resepsjonen på Myrkdalen Hotel. Dersom andre skal henta ut nøkkel (som til dømes medlemmer frå storfamilien som skal låne eininga – ikkje utleige), kan dette avtalast mot eit administrasjonsgebyr på kr. 200,- per gong. 

3. Nøkkelhotell – Kr 5000,- i året
Dette er ei god løysing for til dømes bedriftsåremålsutleige. Her kan ulike personar signere ut og inn nøklar – heile døgeret. 

Kontakt
Send e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no for å melda inn eininga di til nøkkelhotell eller utleige gjennom Myrkdalen Hotel.