Utleige på åremål

Åremål

Myrkdalen Hotel opnar no opp for å vidareformidla åremålsleige for hytte- og leilegheitseigarane i Myrkdalen Fjellandsby.  No kan du som eigar av fritidsbustad i Myrkdalen melda inn eininga di for åremålsleige, og så set me interessentar i kontakt med dykk. 

Når du tek kontakt med Myrkdalen Hotel for åremål, vil du motta ein mal som må fyllast ut for eininga di. Dette skjemaet vil gå saman i ein portefølje, som blir tilsendt interessentar. Vidare er det opp til kvar interessent å ta vidare kontakt med deg som eigar. Myrkdalen Hotel har ingen ansvar for utleigeforholdet og er kun ein formidlar mellom partane (eigar og leigetakar).

Kontakt
Send e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no dersom du ynskjer melda inn eininga di til åremålsleige.

Administrasjonsgebyr
For å ta del i åremålsporteføljen, kjem eit administrasjonsgebyr på kr. 1000,-

Myrkdalen Hotel stiller ingen garantiar for utleige via åremål, men vil marknadsføre dette på myrkdalen.no og i sosiale media. Dersom eininga di ikkje får utleige via åremål, er du sjølvsagt velkomen til å leiga ut via Myrkdalen Hotel.