Noregsferie med born
Legg Norgesferien til Myrkdalen og la borna oppleva kremen av fjord og fjell i sommar!
I familievenlege Myrkdalen kan du kombinèra sommarferien på Vestlandet med fjellturar, terrengsykling og fjordidyll.
Sommarferien nærmar seg og det lønnar seg å vera tidleg ute! Bestill innan 30. mai og få inntil 30 % rabatt på rom & frukost på Myrkdalen Hotel. Tilbodet gjeld ved to eller fleire netter.
Bestill early bird-tilbodet her!
Start fjellturen med stolheis

Eit steinkast unna Myrkdalen Hotel ligg Myrkdalsekspressen, stolheisen som tek heile familien høgt til fjells på 5 minutt. Frå toppen på 860 moh er ein populær tur å gå innover til idylliske Mørkvesstølen. Langsmed stien er det flotte kulpar i elva som ein kan bade i på varme sommardagar. Ynskjer de ein lenger tur, kan de gå vidare mot Svortetjødn frå stølane.
Natursti til Fjellstova Vetlebotn

For mange born blir fjellturen meir spanande på ein natursti. På stien mellom Helgatun og Vetlebotn kan heile familien bryna seg på åtte postar med varierte spørsmål. Borna får sjølvsagt ein liten premie når dei har fullført oppgåvene. På toppen av naturstien finn du Fjellstova Vetlebotn, perfekt for ein velfortent pause for dei minste. Her får du tradisjonsmat basert på kortreiste råvarer, kaffi og deilige bakevarer. Kafèen er ope onsdag - søndag i juli og august frå kl. 12.00 - 17.00.
Les også: Sommarskule for born
Sykling for store og små
Rett utanfor Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvm pumptrack og ei tilrettelagt terrengsykkelløype med ulike element. Pumptracken, som den største av sitt slag i Vestland, består av formasjonar, kuler og svingar. Her er det ikkje berre moro for borna – etter tilbakemeldingane å døme begeistrar denne vel så mykje mor og far.
Born som likar sykling, vil setja pris på ein Norgesferie i Myrkdalen.
Hausten 2020 opna me også nye hopplinjer rett ved skibrua som går over RV13 mot Årmotslia. Hopplinjene er i ulike vanskegrader, så her er det noko for alle!
Sykkelanlegget kan nyttast fritt gjennom heile sommaren.
Bestill sommarferien her: Early bird-tilbod inntil 30 % rabatt på Myrkdalen Hotel
Kupert og lettgått terreng på Vikafjellet
Høgfjellsterrenget på Vikafjellet ligg kun 15 minutt køyring frå Myrkdalen. Dette området byr på grønt og frodig landskap og eit mangfald av stiar for barnefamiliar. Stien langsmed dei fire fjellvatna i Sendedalen er perfekt for små barneføter. I lettgått og kupert terreng kan de velgja kor langt de vil gå innover, og bading på dei små naturlege strendene er eit must.
Me vil tilretteleggja for at du skal hugsa sommarferien i 2021 som året der dei store fjell- og fjordopplevingane vart innfridd
Området er ikkje berre fint for bading og vandring – fjellvatna er også perfekt for ein fisketur med heile familien. Berre hugs å kjøp med dykk fiskekort til området - dette får du kjøpt på Myrkdalen Hotel.
Nostalgileikar

Gjer hesteskokasting, stylter, slengtau, kubb og tautrekking deg nostalgisk? Nostalgileikane ved Myrkdalen Hotel engasjerer heile familien – og tek dei vaksne med tilbake til sin eigen barndom.
For dei hesteglade

Rett over vegen frå Myrkdalen Hotel finn du Myrkdalen Hestesenter som tilbyr både bane- og fjellriding for hesteglade born. Dei har også open gard – der borna får koma tett på dyra om dei ynskjer.
Klatre- og ziplinepark
Myrkdalen ligg i den nordlege delen i Voss herad, ei bygd som er kjend for eit mangfald av adrenalinfylte aktivitetar. Voss Klatrepark, som ligg nydeleg til ved Strandaelva, er ope kvar dag frå slutten av juni og ut august. Her finn du klatreløyper for born heilt ned i 3års-alderen, samt høgare og meir krevjande løyper for dei eldste borna. Dei mest vågale kan testa ut zipline-parken, som går over elvestryka!
Nyt rallarvegen på sykkelsetet
Har du større born bør den historiske Rallarvegen, som vart laga av rallarane som byggja Bergensbanen på slutten av 1800-talet, bli med på lista di. Strekninga frå høgfjellsterrenget på Finse til fjordlandskapet i Flåm kan syklast på ein dag. Ynskjer du eit magesug på vegen kan du byta ut sykkelen med Flåm Zipline ned til Kårdal
Topptur med utsikt heile vegen

Fjelltoppen Prest ved Aurlandsfjorden er ei perle av ein fjelltur. Turen startar frå den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet, ca 1 time køyring frå Myrkdalen. Ved den tilrettelagde parkeringsplassen går ein god og tydeleg sti opp til utsiktspunktet på 1363 moh.
Her kan du ta med born i alle aldrar og gå så langt borna har motivasjon, for utsikta over Aurlandsfjorden er fenomenal allereie etter nokre hundre meter.
Etter ca 2,5 km og 500 høgdemeter kjem du fram til utsiktspunktet med panoramautsikt over Aurlandsfjorden som strekk seg sørover mot Flåm. Mot nord ser du spisse Kamben som markerer staden der Aurlandsfjorden møter Nærøyfjorden.
Bestill sommarferien her: Early bird-tilbod inntil 30 % rabatt på Myrkdalen Hotel