Familievenleg terrengsykling i Myrkdalen

Er du ute etter ein aktiv familieferie, er Myrkdalen plassen for deg! I juli kjem det ein 700 kvm pumptrack, me har tilrettelagt sti ved Myrkdalen Hotel og sykkelutleige for både vaksne og born. 

Aktiv familieferie på to hjul

Nyheit! 700 kvm pumptrack ved Myrkdalen Hotel
I byrjinga av juli kjem ein 700 kvm pumptrack i asfalt ved Myrkdalen Hotel. Pumptrack er ein kompakt bane som består av ulike formasjonar, kular og svingar. Ein kan byggja ein slik bane i ulike typer materiale, men me har planlagt asfalt som er særs venleg mot alle typar hjul. 

I pumptracken kan ein bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel. 

Med tanke på sykkel er det særs god øving å sykla pumptrack. Her får ein læra korleis ein posisjonerer seg på sykkelen, og korleis ein timer det å skape trykk og fart utan å bruka pedalane. Dette er kjekk kunnskap og erfaring å ta med seg ut på naturlege stiar.

Alle typar syklar fungerer godt i ein pumptrack, men mange kjenner at dei får større fart og betre respons frå underlaget på ein sykkel utan demping. Døme på dette er BMX, hardtail eller ein form for dirt sykkel. Sjå pumptrack skissene her

Familievenleg terrengsykling ved Myrkdalen Hotel

Familievennlige sykkelløyper ved Myrkdalen Hotel

I tillegg til pumptracken vil me ha ei lita sykkelløype med to grøne og ei blå sløyfe på oppsida av hotellet. Løypa er familievenleg og passar både for born og nybyrjarar, men også for syklistar som vil øva teknikk på små element. Her er det gratis å sykla og løypa er eigna for alle typar syklar. I løpet av sommaren vil ein aktivitetsleiar vera ved sykkelløypa for å rettleia syklistar, gje tips og utfordringar. Målsetjinga er å skapa aktivitet, leik og utfordring på sykkelsetet. 

Sykkeltilbodet i Myrkdalen er mest retta mot familiar som ynskjer ein aktiv ferie på to hjul.

Ny sti i haust
I løpet av hausten kjem det også ein ny tilrettelagt sti i ulike vanskegradar i nærleiken av hotellet. 

Kurs i terrengsykling 

Kurs i terrengsykling

Nybyrjarkurs
Gjennom sommaren tilbyr me 2 timars nybyrjarkurs i terrengsykling for barn og vaksne. Desse kursa er for dei som har lite eller ingen erfaring med terrengsykling. Me lærer deg grunnleggjande teknikk for å meistra terrenget!

Teknikk-kurs for vidarekomne
Bli med ein kvalifisert instruktør på 2 timars teknikk-kurs i terrengsykling for vidarekomne. Kurset blir lagt opp med fokus på balanse, klatreteknikk, utforteknikk (tyngdepunkt og posisjon), teknikk med å få framhjulet over element, sving- og hoppteknikk.

Guida turar

Guida el-sykkeltur på Vikafjellet

El-sykkeltur på Vikafjellet
Nyt naturen på ein el-sykkel i høgfjellsterrenget på Vikafjellet! Vikafjellet har mange utrafikkerte grusvegar med fantastisk utsikt. Ein av turane me tilbyr er frå Fosse til Store Grungen og Dueskardet - ca 20 km tur/retur. Kjenn krafta frå el-sykkelen opp bakkane og nyt naturen med gode vener. 

LES OGSÅ: El-sykkelen gjer turen leikande lett 

Guida terrengsykkelturar
Me tilbyr guida terrengsykkelturar gjennom heile sommaren. Lokasjon og lengde på tur kan bli tilpassa for kvar gruppe. 

Utleige av syklar
I sommarsesongen har Myrkdalen Sport & Skiutleige eit godt utval terrengsyklar til utleige - fulldempa, hardtail og elsyklar! Butikken har også sykkelbekledning til sals. 

LES OGSÅ: Fem tips til deg som vil prøva terrengsykling

Planar for framtida
Sommaren 2020 ynskjer me å etablera heisbasert flytsti for terrengsykling. Ved å ta i bruk heisen kjem ein raskt til fjells og dette vil vera eit attraktivt tilbod for alle som ynskjer å prøva meir nedoverretta terrengsykling.