Actionfylt familieferie i Myrkdalen

Voss - bygd for sterke opplevingar

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre 30 minutt frå sentrum. Voss er ei kjend bygd, mykje grunna Ekstremsportveko, den største festivalen av sitt slag i verda.

I løpet av sommaren kan du bli med på eit stort utval av adrenalinfylte aktivitetar - hopp ut av eit fly høgt over bakken, kjenn på naturkreftene på ein raftingtur, balanser frå tre til tre i klatreparken eller ta deg ein dukkert i Vossabadet. 

Voss Vind

Voss Vind

På familieturen i Norge kjem ein ikkje unna eit stopp i vindtunnelen på Voss. Her kan ein oppfylla draumen om å fly som supermann og få eit minne for livet. Dette er absolutt det mest vèrsikre aktivitetstilbodet i bygda – og ikkje minst eit av dei aller mest unike og spanande! Denne aktiviteten er kjekk uavhengig av erfaring og nivå, og alle som er over 5 år kan fly. 

Voss klatre- og ziplinepark

Voss-klatrepark

Voss klatre- og ziplinepark finn du i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjellet, berre 15 minutt frå Myrkdalen. Klatreparken inneheld små løyper for dei minste, to store løyper og ei ziplinepark med totalt 60 element. Løypene i klatreparken er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne. Ziplinene går frå tre til tre gjennom skogen og over Strandaelva der den lengste ziplinen er 150 meter og føl elvestryka nedover!

Les også 10 gode grunnar til å besøka Myrkdalen i sommar
Pumptrack i Myrkdalen

Rafting

Voss rafting

Dette er ein av dei mest populære sommaraktivitetane på Voss – spanande, morosamt og passar for nybyrjarar så vel som erfarne! Frå mai til oktober tilbyr Voss Rafting halvdagsturar på Strandaelva eller Raundalselva, avhengig av vasstanden. Begge elvene held topp internasjonal klasse med spanande grad 3 – 4 stryk.

Familierafting

Familierafting

Er du ute etter ein spanande aktivitet for barn, anbefalar me familierafting i Vosso. Voss Rafting tilbyr familierafting kvar dag frå mai til oktober. Her kan familien prøva både store og stødige båtar som tek opp til 8 deltakarar, samt små 2-mannsraftar for dei som vil ha større utfordringar. Det blir garantert mykje bading og moro for alle! Aldersgrense 5 år. 

Les også: Årets beste havkajakkturHavkajakk i Indre Arnafjord

Vossabadet

Vossabadet - en perfekt familieaktivitet.

Dette er ein perfekt familieaktivitet om vèret ikkje spelar på lag i ferien. I Vossabadet, midt i Voss sentrum, finn du ein innandørs badehall med tre basseng, stupetårn og sklie.

Tandem fallskjerm

Tandem -Vossfallskjermklubb

For dei som ynskjer ein skikkeleg luftetur, anbefalar me eit tandem fallskjermhopp hjå Voss Fallskjermklubb. Som tandemelev får du oppleva fritt fall på ein kontrollert måte, trygt fastspent til ein erfaren, og spesialutdanna fallskjerminstruktør. Voss Fallskjermklubb er den største fallskjermklubben i Norge og du finn dei i Bømoen, ca 10 km utanfor Voss Sentrum.