El-sykling i Myrkdalen

Turtips: El-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet

Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett. 

El-sykkelen gjev deg rett og slett kjensla av superkrefter og du kan sykla både lenger og fortare enn på ein vanleg sykkel.

 

Turtips på el-sykkel i Myrkdalen

Ein kort og fin el-sykkeltur med utgangspunkt frå Myrkdalen Hotel er å sykla nordover på rv. 13 i ca. 1 km og vidare på grusvegen som slyngjer seg oppover til Fjellstova Vetlebotn. Den flotte fjellstova er ope når sommarheisen går i juli og august og kan by på både smårettar, iskrem, bakevarer og tradisjonelle middagsrettar. Utanfor er det tilrettelagde aktivitetar for borna.  

Ynskjer du ein litt lenger tur kan du sykla vidare opp til toppen av Storhaugekspressen. Her kan du parkera syklane og gå vidare til fots til idylliske Mørkvesstølen. Retur same veg.

 

Myrkdalen byr på flotte turar på el-terrengsyklar - her finn du mange utraffikerte grusvegar som slynger seg gjennom terrenget.

Bestill hotellovernatting her

 

El-sykkeltur med guide i Myrkdalen

El-sykkelturar i Myrkdalen

Frå juli til september har me halvdagsturar med guide i området rundt Myrkdalen. Her får du flott utsikt og fine naturopplevingar. Turen startar ved Myrkdalen Hotel og lengda vert til passa kvar gruppe, med innlagde pausar etter behov. Me syklar forbi vassdrag og tjern som byr på forfriskande bad på varme sommardagar.

Utleige av el-terrengsyklar
Myrkdalen Sport & Utleige har eit utval av el-terrengsyklar av typen GT ePantera Dash og GT ePantera Bolt for utleige. Desse syklane fungerer fint på landeveg, grusvegar og på enkle stiar.

Leig sykkel her

El-sykling i Myrkdalen

 

Hjelpemotoren dyttar deg oppover
Den vesle elektriske motoren som er kopla på sykkelen gjev det lett å koma seg både bortover og oppover.

El-sykling er på ingen måtar ein latmannsport, men med hjelp av motoren vil rekkevidda på turane dine bli utvida. Hjelpemotoren gjev deg eit slags dytt når du syklar, men den tek ikkje over jobben for deg. Du må framleis tråkka for at motoren skal verka og du kan justera motoren opp og ned etter terrenget. Dess lågare motoreffekt du nyttar – dess lenger varar batteriet.

 

Det som før var uoppnåeleg er no blitt mogleg.

 

Tips til el-sykkeltur på Vikafjellet

El-sykling i Myrkdalen

 

Opplev Vikafjellet frå sykkelsetet, eit idyllisk fjellområde mellom Voss og Vik. Du kan starta turen frå Myrkdalen Hotel og sykla på rv. 13 og opp hårnålsvingane i Holo. Om du vel denne turen anbefalar me at du ikkje brukar maks motoreffekt heile vegen og sparar på batteri der du kan, slik at du ikkje går tom for batteri før du er tilbake ved hotellet.

Les også: Familievenleg terrengsykling i Myrkdalen Familievenleg terrengsykling i Myrkdalen

Leig sykkel her

<% totalFilter %> filter applicerade