Myrkdalen skisenter

Smittevern i Myrkdalen

Smittevern er i fokus hjå oss og me fylgjer til ei kvar tid nasjonale råd og retningslinjer frå myndigheitene og bransjen generelt.

Utover dette fylgjer me også regionale og lokale tiltak dersom dette føreligg.

 

    Me ynskjer alle friskt velkomne til Myrkdalen!

    (Oppdatert 12.02.22)

    Her får du oversikt over kva som er gjeldande i Myrkdalen frå 16. april. Myrkdalen Hotel og skisenteret er ope og det er flotte forhold i bakken og i parken. 

    Dette gjeld frå 16. april
    - Skisenteret er ope til 2. mai og det er fine forhold i bakken, parkane og langrennsløypene.
    - Myrkdalen Hotel og tilhøyrande serveringsstader er ope. Det er tilrettelagt for at gjester/kohortar kan sitja med 1 meter avstand
    - Om ein ikkje kan halde 1 meter avstand, er det påbod om å bruka munnbind når ein oppheld seg innandørs i destinasjonen.  Munnbund kan ein kjøpa på Myrkdalen Hotel og i Myrkdalsstovo. 
    - Ein kan kjøpa alkohol på serveringsstadene i samband med matservering. Skjenkestopp kl. 22.00
    - Skibussen går kvar dag– merk at det er påbod om bruk av munnbind
    - Skiskulen har privatundervisning innanfor trygge rammer. Det er begrensa kapasitet og ein må førehandsbestilla på nett. 
    - Me har ledig overnatting på Myrkdalen Hotel, samt heiskort i skisenteret.

    HOVUDREGLAR

    Myrkdalen Skisenter

    Før du kjem til destinasjonen ber me deg om å spørja deg sjølv:
    - Er eg sjuk eller i karantene?

    Om svaret er ja på eit av desse spørsmåla skal du ikkje besøka Myrkdalen. For at me skal drifta skianlegget, og dei tilhøyrande fasilitetane, er me avhengig av at folk som har symptomar på smitte, er sjuke eller i karantene held seg heime.  

    Dersom du er frisk
    Dersom du er frisk er du hjarteleg velkomen til å besøka oss, med ein venleg påminnar om reglane som gjeld generelt i samfunnet:
    •  Sjuke held seg heime
    •  God hoste- og handhygiene
    •  Når det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand skal ein bruka munnbind. Det gjeld på skibussen og i heile destinasjonen.
    •  Minimum 1 meter avstand i skisentert - 2 meter innandørs. 
    •  Me ber deg også om å registrera deg på smittesporingsverktøyet SafeSpot sine QR-koder som er plassert i skianlegget, serveringsstader, hotellet og butikkar. 

    Kva om ein vert sjuk i anlegget
    Dersom du får symptom eller blir sjuk under opphaldet har me fylgjande råd: 

    •  Dra heim så fort det lar seg gjere
    •  Ikkje ta offentleg transport
    •  Vent utandørs eller i eige rom om mogleg
    •  Dekk til munn og nase/ bruk munnbind og hald god avstand til andre. 

    For at me skal drifta skianlegget, og dei tilhøyrande fasilitetane, er det viktig at folk som har symptomar på smitte, er sjuke eller i karantene held seg heime.

    HEISKORT/BILLETT

    Myrkdalen Skisenter

    1. Du kan sikra deg heiskort på nett
    Det er plassbegrensing hjå oss og vil du sikra deg heiskort må du kjøpa på nett!

    Du kan fylla opp eit Key Card som du allereie har. Dersom du ikkje har Key Card kan du kjøpa dette online og henta i automatar som er plassert hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige og ved resepsjonen på Myrkdalen Hotel. På automatane kan du også kjøpa heiskort.

    2. Har du årskort?
    Då har du fortrinnsrett i skianlegget gjennom heile vintersesongen.

    SKISENTERET

    Familievennlige Myrkdalen

    Me oppfordrar dykk som gjester til: 
    • Ta heisen med dykkar eigne
    • Hald avstand til andre ein ikkje kjem i fylgje med i heiskøar og i anlegget generelt.

    Dette gjer me:
    • I helger, ferier og på travle dagar har me ekstra mannskap (Myrkdalsvertar) tilgjengeleg i anlegget for å rettleia deg og anbefala heisar/kafèar med minst kø. Kontakt dei gjerne ved behov
    • Heisane blir ikkje aktivt fylt opp
    • Me vil ikkje aktivt hjelpa til ved påstigning på t-krok, tallerkentrekk og skiband
    • Singelinngang vil vera ope for å skapa avstand i køen, og for å fylla ledige seter der det er ledig sete mellom ukjende. Personale vil stå ved heisen og hjelpa og rettleia. 
    • Me ser også på andre tiltak for å spreia trafikken i anlegget for å utnytta kapasiteten i anlegget. 

    Ein ting er sikkert - me kjem til å gjera alt me kan for å tilretteleggja for trygg skikøyring og opplevingar hjå oss i vinter, men me er avhengig av at de fyl alle råd som blir gjeve. 

    SKISKULE

    Myrkdalen Skiskule

    Dette ynskjer me av dykk:
    •    Me oppfordrar til at de førehandsbestiller undervisning online.
    •    Møt opp til undervisning på merka område utanfor skiskulebua, der instruktøren møter dykk. 

    Dette gjer me:
    •    Informerer deltakarar om korleis halde avstand når me stopper, køyrer heis osb.
    •    Maks 8 deltakarar på gruppeundervisning
    •    Begrensa fysisk kontakt ved bruk av ulike hjelpemiddel
    •    Tilrettelegg for førehandsbestilling av undervisning online eller over telefon

    SKIUTLEIGE & SPORTSBUTIKKAR

    Myrkdalen skiutleie

    Dette ynskjer me av dykk:
    •     Me oppfordrar til at de førehandsbestiller ski- og snowboardutstyr online
    •     Me oppfordrar dykk til å bruka eigne hjelmar
    •     Hald minimum 2 meter avstand

    Dette gjer me:
    •    Hjelmar og utstyr blir reingjort etter bruk
    •    Hjelmar kan setjast i karantene om naudsynt
    •    Plakatar med informasjon i lokalet
    •    Handsprit er plassert ved inngangen i lokalet og ved alle betalingsterminalar

    SERVERINGSSTADER & AFTERSKI

    Restaurant Tunet

    Serveringsstadene våre vil halda ope som vanleg og me oppfordrar til å følgja dei generelle retningslinjene for avstand og servering ved borda. Merk at det er påbod for bruk av munnbind når du oppheld deg innandørs i destinasjonen. 

    Dette ynskjer me av dykk:
    •    Me oppmodar større grupper (storfamilie eller liknande) å førehandsbestille bord til restaurant@myrkdalenhotel.no
    •    Hald minimum 2 meter avstand

    Dette gjer me:
    •    Me har tilpassa den tradisjonelle buffetserveringa. Kaffe-, te- og juicemaskinene blir desinfisert med sprit med jamne mellomrom under frukosten . Serveringfat og -bestikk blir byta regelmessig ut av personalet.   
    •    Det skal ikkje vera kødanning inn til eller i serveringsstadene. Ved behov vil golva vera merka med 1-meters markørar.
    •    Handsprit er tilgjengeleg ved inngangen og på utvalde plassar i lokalet
    •    Utsette kontaktflater blir reingjort kvar time under drift. 
    •    Særleg utsette overflater som til dømes betalingsterminalar og menyar blir tørka av mellom gjester.
    •    Bord og stolar plasserast slik at gjester kan halda 1 meters avstand. 
    •    I år blir det eit alternativt tilbod på afterski, innanfor gjeldande smittevernreglar. Sjølv om det ikkje blir som den tradisjonelle afterskien, lovar me hyggjeleg stemning med noko godt i glaset. 

    OVERNATTING

    Ski inn - ski ut frå Myrkdalen Hotel
     

    Me har eigne reglar for refusjon og avbestillig som du kan lesa meir om her

    Dette gjer me: 
    •    Me har skjerpa rutinar på reinhald, og fyl dei gjeldande retningslinjene i bransjen vår
    •    Me desinfiserer alle utsette kontaktpunkt og kontaktflater i fellesarealer. 

    Blir du sjuk under opphaldet ber me deg om fylgjande:
    •    Ring resepsjon på tlf 47 47 16 00 og få rettleiing

    AKTIVITET ARRANGEMENT

    Mikkel og Mikkeline i Myrkdalen

    Dette ynskjer me av dykk:
    •    Me oppfordrar til at de førehandsbestiller aktivitet og arrangement online.
    •    Kun ein vaksen fyl born til aktivitet/arrangement.
    •    Deltakar må opphalde seg til anvist plass 

    Dette gjer me:
    •    Tilrettelegg for at deltakarane held avstand
    •    Begrensa antal deltakarar per arrangement/aktivitet basert på FHI sine retningslinjer
    •    Tilrettelegg for førehandsbestilling av aktivitet/arrangement og bruk av SafeSpot for registrering og smittesporing

    Har du lest desse sakene?