Sommar- og hausttilbod

Er du ute etter ein aktiv Norgesferie, er Myrkdalen plassen for deg! Myrkdalen Hotel er den perfekte basen for familieferien - hjå oss kan du kombinera spanande fjell- og fjordopplevingar under opphaldet. 

Me tilbyr eit mangfald av aktivitetar - sus rundt i sykkelløypene og i pumptracken vår, nyt Sognefjorden frå ein kajakk, ta stolheisen til topps, og bli med på familievenleg fjelltur i høgfjellsterreng, eller kjenn pulsen stige på ein spektakulær topptur høgt over verdsarven i Nærøyfjorden. 

Flåm ligg ein kort køyretur unna og her står opplevingane i kø - nyt urørt, rå og vakker natur på eit fjordcruise, ta skandinavias lengste zipline frå toppen av verdskjende Flåmsbana, eller nyt panoramautsikta frå Stegastein utsiktspunkt. 

Bestill innan 30. mai og få 40 % rabatt på Myrkdalen Hotel og 20 % på leilegheiter med sjølvhushald, som de kan bruka i sommar og haust. 

Overnatting på Myrkdalen Hotel
Bu midt i naturen!  Bestill overnatting med 40 % rabatt på Myrkdalen Hotel. 

Tilbodet gjeld frå: 19. juni – 13. november
Bookingperiode: 26. mars - 30.mai

Bruk kampanjekode 2020 her

Overnatting i leilegheiter med sjølvhushald
Perfekt for familiar som ynskjer litt meir plass på ferien. Me har små og store einingar tilgjengeleg i sommar og haust. Bestill overnatting med 20 % rabatt i leilegheiter med sjølvhushald

Tilbodet gjeld frå: 19. juni – 13. november
Bookingperiode: 26. mars - 30.april

Bruk kampanjekode 2020 her

Avbestillingsvilkår i perioden 19. juni - 12. november 2020
Me er klar over at dagens situasjon med COVID-19 skapar uvisse for bestillingar av fritidsreiser. Me har teke dette i betraktning og har difor endra på våre avbestillingsreglar i denne perioden. Om avbestillinga finn stad 3 dagar eller tidlegare før ankomst, betalar Myrkdalen Fjellandsby AS tilbake 100 % av innbetalt beløp. Endring av bestilling er utan kostnad.

Me gler oss til å ynskja dykk velkomen attende til Myrkdalen Hotel!

Guida havkajakktur i Sognefjorden

Fleire dagar i veka frå mai til september kan du bli med guidar frå Outdoor Norway på nydeleg havkajakktur i Sognefjorden.

Gå vidare