Bakkanosi - fjelltur ved Nærøyfjorden

Toppturar med fjordutsikt

For deg som er ute etter ein krevjande topptur med fjordutsikt, anbefalar me dei fantastiske fjella i Jordalen. Jordalen ligg ca 40 minutt unna Myrkdalen, retning Gudvangen.

Her er moglegheitene mange, men to av dei mest kjende fjella i dette området er truleg Bakkanosi og Breiskrednosi som begge byr på luftig og spektakulær utsikt rett ned i den UNESCO-lista Nærøyfjorden.

Jordalen - Bakkanosi tur/retur: 20 km

Bakkanosi - topptur ved UNESCO lista Nærøyfjorden
Utsikta frå Bakkanosi er ubeskriveleg. Må opplevast! 

Dette er ein klassikar av ein fjelltur i hjarta av verdsarven ved Nærøyfjorden. Bakkanosi ruvar 1398 meter over fjorden, høgt over den idylliske bygda Bakka. Turen startar ved den gamle skulen i Jordalen, etter om lag 40 minutt køyring frå Myrkdalen Hotel.

I starten fylgjer ein stølsvegen i frodige omgjevnader inn til stølstunet Slettedalen. Stien blir gradvis mindre tydeleg der den tek deg vidare innover dalen på nordsida av elva. Etterkvart blir terrenget brattare og underlaget meir ujamt. Etter å ha lagt ruta over 1410-høgda fortset ein austover mot toppen av Bakkanosi. På toppen er det stupbratt ned til fjorden og utsikta i vakkert og vilt fjordlandskap er ubeskriveleg. Retur same veg. 

Jordalen - Breiskrednosi tur/retur: 20 km

Breiskrednosi
Breiskrednosi med utsikt til Nærøyfjorden og mot Bakkanosi. Foto: Svein Ulvund

Toppturen til Breiskrednosi byrjar frå Breidalen, ca 10 km lenger inn i Jordalen frå skulen. Herfrå går det bratt opp dalen, før ein går ned til Skarsvotni. Frå Skarsvotni går ein vidare opp vest for Rimstigfjellet og så flatar det ut til toppen. Breiskrednosi er ein bratt vegg - her får ein garantert magesug av å liggja på kanten av stupet og sjå ned mot fjorden. Turen til Breiskrednosi kan ein også gå frå Bakka eller Dyrdal i Nærøyfjorden, eller du kan blir med på guida "bike & hike" til toppen!

Prest - topptur med fjordutsikt heile vegen

Prest

Fjelltoppen Prest ved Aurlandsfjorden er ei perle av ein fjelltur. Turen startar frå den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet, ca 1 time køyring frå Myrkdalen. Ved den tilrettelagde parkeringsplassen går ein god og tydeleg sti opp til utsiktspunktet på 1363 moh. 

Her kan du ta med born i alle aldrar og gå så langt borna har motivasjon, for utsikta over Aurlandsfjorden er fenomenal allereie etter nokre hundre meter. 

Etter ca 2,5 km og 500 høgdemeter kjem du fram til utsiktspunktet med panoramautsikt over Aurlandsfjorden som strekk seg sørover mot Flåm. Mot nord ser du spisse Kamben som markerer staden der Aurlandsfjorden møter Nærøyfjorden.