Ski inn - ski ut
Vinterferie i Myrkdalen
Vinterferie i Myrkdalen betyr minnerike opplevingar saman med familie og vener. Her kjem de til eit familievenleg skisenter med eit mangfald av kontrastfylte aktivitetar, perfekt for ein aktiv skiferie.
Ski inn - ski ut
Vinterferie i Myrkdalen betyr minnerike opplevingar saman med familie og vener. Her kjem de til eit familievenleg skisenter med eit mangfald av kontrastfylte aktivitetar, perfekt for ein aktiv skiferie.
Pakka inneheld:
Skisenteret ligg unikt til mellom fjell og fjord i vakker vestlandsnatur, ein halvtime frå Voss og to små timar frå Bergen.
Skiferie i Myrkdalen betyr komplett tilbod og mange valmoglegheiter.
På Myrkdalen Hotel vaknar du opp, frisk og utkvilt, med utsikt til breie, fine skiløyper som ventar på dykk. Med ski inn – ski ut tilkomst er det berre å gå rett ut i vintereventyret etter ein god frukost.
Barneområdet med sine mange aktivitetar, er like ved. Her finn de eit saktegåande rulleband for dei aller minste, to tallerkentrekk og tre varierte løyper. Nytt denne vinteren er fleire morosame skogsløyper med fine svingar og ein minipark med boksar og hopp for litt større born. Og kanskje får dei auge på noko uventa medan dei skrir nedover mellom trea? ?
Gratis barneskirenn med premie
Kvar helg denne vinteren og kvar dag i vinterferien og påskeferien kan born i alle aldrar vera med på Finns barneskirenn og Finns langrennskarusell. Begge renn er gratis og premieutdeling høyrer sjølvsagt til.
Du vil oppdaga at løypene i Myrkdalen er varierte. Frå bratte bakkar, offpiste-pudder og skicross-løyper til breie, velpreparerte løyper for dei som ynskjer å setja dei perfekte carvingsvingane. Vil du friska opp skiferdigheitene eller bli endå betre på ski? Sjå kva Myrkdalen Aktiv har å tilby på skiskulefronten
Vestlandets største parkområde
Er det nokon freestyle-frelste i gjengen din? Myrkdalen har i dei siste åra blitt kjend for å ha flotte parkar som er utvikla saman med ShapeCrew, og denne vinteren har me heile 4 ulike parkar å tilby.
Når svolten meld seg har du heile 9 ulike serveringsstader å velja mellom, alle med ulike konsept. Steinomnsbakt pizza i Tunet er eit must. Skikøyrar-sandwich i Myrkdalsstovo Velkomstsenter er populær blant folk i farta, og den beste kaffien får du i Kamben Kafé og Bar.
Du trenger ikke bare stå på ski når du er i Myrkdalen. Maten er også et trekkplaster.
(Bergens Tidende 7. april 2022)
Myrkdalen er som nemnt ikkje berre eit skisenter. Er du på jakt etter andre aktivitetar utan ski, kan me blant anna by på hundekøyring, fartsfylt aketur, stemningsfull kanefart med hest og slede og Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel.
Overnatting
I vinterferievekene 7, 8 og 9 kan du bu på Myrkdalen Hotel og få heiskort inkludert. Ynskjer du sjølvhushald kan du bu i leilegheit.
Lat bilen stå under heile opphaldet - hjå oss er alt samla på ein stad!
Sjølvhushald
Treng du meir boltreplass for heile familien kan du bu godt i leilegheiter av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og dei fleste med ski inn – ski ut.