Salto Lobby Bar
Baren i fyrste etasje på Myrkdalen Hotel er ein hyggeleg samlingsstad der du kan synka ned i dei mjuke stolane og henta nye krefter til morgondagen.
Opningstider Restaurant & kafèar
Ved å ta namnet Salto ynskjer lobbybaren å heidra sporten og leiken
Voss er ei kjend freestylebygd og Myrkdalen har vore arena for fleire store
internasjonale konkurransar; Freestyle VM i 2013 og verdscup i Big Air i 2016.
Me har sett imponerande saltoar i alle mogelege variantar i skibakken
- utførde av verdas beste utøvarar.
Ved å ta namnet Salto ynskjer Lobbybaren å heidra sporten og leiken
- både i og utanfor skibakken.
Kos deg med noko godt i glaset!