Velkomen til Vestlands mest snørike skisenter!

Pudder

Aktiv ferie

I Myrkdalen

I Vestlands mest komplette skisenter finn du familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng. Ved skisenteret ligg også preparerte langrennsløyper og terreng som skapt for fjellski- og toppturar. I Myrkdalen treng du ikkje velja mellom frikøyring og familieaktivitetar - her får du begge delar! 

Det fins ein stad der du kan vandra frå dørstokken og rett ut i eventyret. Der det beste av norsk natur byr deg opp til dans. Der du kan testa deg sjølv i svarte løyper eller finna ro i mektige fjell. Der du kan gløyma kvardagen og likevel kjenna deg heime.

10 tips til vinteraktivitetar utan ski